Om oss

Historikk

Tidleg på 1900-talet gav pastor T. B. Barrat ut eit blad, "Bymisjonæren". Der fortalde han om åndsdåpopplevinga han hadde hatt i Amerika. Dette bladet vart også lese i våre bygder. I Austefjorden samla dei seg til bønesamvær for å søkje denne spesielle velsigninga. 19 år seinare, den 10. desember 1925 vart pinsekyrkjelyden vår, Eben-Eser, Volda, skipa.

Eben-Eser, dette namnet finn vi i Sam. 7,12. Der kan vi lese at ordet tyder: "Til no har Herren hjelpt oss"

I dag:
Vi er ein middels stor kyrkjelyd med litt over 220 døypte medlemmer, med tilhøyrige (dvs. born av medlemmer) tel vi i dag ca. 350.

 

Oppdraget:
Å forkynne evangeliet for alle menneske

Kvifor:
Gud vil at alle menneske skal bli frelst

Visjonen:
Prøve å vinne eitt menneske kvar

Korleis:
Gjennom undervisning og leiarutvikling, ALPHA- og basisgrupper og engasjert deltaking av alle

Vi vil:
- Utvikle menneske til andeleg modne kristne som elskar Jesus og fungerer i sine nådegåver.
- Være ei menighet med ei sterk grad av familiekjensle
- Være ei bedande og tilbedande menighet
- Være ei misjonerande menighet

 

 

Valid XHTML and CSS.