Konfirmasjon - Tentro
Kva er Tentro?
Her i Pinsekyrkja kallar vi konfirmasjonsførebuinga Tentro. Det er ei alternativ konfirmasjonsundervisning, som du kan velje i staden for å konfirmere deg kyrkjeleg eller borgarleg. Opplegget byggjer på den kristne lære og har denne som rammeverk, til liks med undervisinga i Den Norske Kyrkja. Tentro er likevel eit annleis opplegg når det gjeld form og læringsmetodar. Å velje Tentro som konfirmasjonsførebuing inneber inga forplikting til Pinsekyrkja. Det er heller ikkje eit krav om å være døypt eller å la seg døype i samband med Tentro. Opplegget har ein tydeleg kristen profil, og det vil være kristne leiarar frå Pinsekyrkja som står ansvarlege, men du er hjarteleg velkommen til eit år med Tentro sjølv om du ikkje tilhøyrer ein kristen samanheng sjølv.
Tentro blir gjennomført på eit skuleår, med samlingar kvar onsdag, samt to turar i løpet av året.

Korleis er Tentro?
Tentro er eit opplegg som tek tak i tenåringar sin kvardag og verkelegheit, og knyter dette opp mot tru. Tentro er bygd for å gi deg opplevingar, erfaringar og inntrykk, ikkje berre skuletimar, som du kanskje fryktar når du høyrer ordet "undervising."

Korleis lære noko då?
Undervisinga i Tentro er laga for å involvere deg, og la deg oppleve, ikkje berre høyre på. Det blir deltaking og aktivitet som engasjerer deg, saman med verkemiddel som er henta frå din kvardag. Du får sjå filmklipp du kjenner igjen, musikk frå hitlistene, bilte, illustrasjonar og forteljingar, leikar og konkurransar som gjer at du får ei god forståing av det aktuelle temaet, og at du opplever det relevant for deg! Du vil kanskje bli overraska over kor mange element frå din kvardag som kan knytast opp mot nettopp tru og Bibel.

Tentro startar opp 15. september kl. 18:30 og er ope for alle som går i niande klasse. Vi har sett ein eigenandel på 250,- pr. semester. Dette er for dekkje nokon av dei kostnadene vi har.

Dersom du ynskjer å vere med eller har spørsmål om Tentro er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt med Arve om du ynskjer å vere med til hausten eller om du har spørsmål om Tentro. Du kan også gå til Tentro sine websider tentro.no.

 

Valid XHTML and CSS.